ALBERT

All Library Books, journals and Electronic Records Telegrafenberg

feed icon rss

Your email was sent successfully. Check your inbox.

An error occurred while sending the email. Please try again.

Proceed reservation?

Export
  • 1
    facet.materialart.
    Unknown
    Scandinavian University Press (Universitetsforlaget)
    Publication Date: 2023-12-20
    Description: Boka er sett saman av 19 artiklar frå ei rekke ulike samfunnsområde. Alle handlar om korleis digitalisering påverkar måten vi samhandlar med andre menneske. Artiklane er innanfor tre hovudtema: Det første omtalar korleis digitalisering påverkar forholdet vårt til omgjevnadane. Her er digitaliseringa eit tviegga sverd. Sosiale medium kan gi auka forståing for kvarandre på tvers av samfunn og kulturar, men viskar ut skiljet mellom det offentlege og det private, og vert brukt til spreiing av usanne faktum. Digitalisering bidreg soleis til å viske ut skiljet mellom kva som er ekte og kva som er konstruert. Det andre hovudtemaet er korleis digitalisering påverkar samhandling og tenester i næringslivet. Her set boka søkelys på korleis ny teknologi vert fortolka og tatt i bruk, men også feiltolka og motarbeidd av dei etablerte aktørane innanfor bransjar og føretak. Teknologiske endringar kan utfordre etablerte maktstrukturar og praksisar, og kan soleis vere ei kjelde til ustabilitet. Bidraga syner på ulike vis at utfallet av møtet mellom det etablerte og dei nye aktørane og praksisane i stor grad vert avgjort av samhandlinga mellom det tradisjonelle og det nye. Det siste hovudtemaet er digital samhandling i skule og høgare utdanning. Artiklane viser at digitale læringsmiddel, undervisingsformer og evalueringsformer skaper moglegheiter, men òg nye utfordringar. Teknologien påverkar ikkje berre kvardagen til elevane, men også skular, høgskular og universitet som institusjonar. Samla sett syner boka at digitalisering fører til store og gjennomgripande endringar i samfunnet. Dei færraste av desse er enten negative eller positive. Utfallet er i stor grad avhengig av korleis vi samhandlar med den digitale teknologien og med kvarandre.
    Keywords: H1-99 ; T1-995 ; society ; digitization ; technology ; bic Book Industry Communication::H Humanities
    Language: English , Norwegian
    Format: image/jpeg
    Location Call Number Expected Availability
    BibTip Others were also interested in ...
Close ⊗
This website uses cookies and the analysis tool Matomo. More information can be found here...